Forleden fikk jeg en hyggelig mail fra sjefen i Norges vassdrags- og energidirektorat etter at JazzCode holdt et innlegg med musikk på deres ledersamling:
Improvisasjon som arbeidsverktøy
Måndag og tysdag denne veka (8-9. nov. 2010) var alle leiarane i NVE samla på Voksenåsen i Oslo. Temaet for leiarsamlinga var ”Organisering i NVE – meir enn firkantar”. Under leiarsamlinga vart eg meir bevisst improvisasjon som eit verktøy. For å illustrere kva improvisasjon er i denne samanheng hadde vi med oss gruppa Jazzcode. Improvisasjon er ein sentralt del av jazzen, og her er det ein klar overføringsverdi til vårt daglege liv i organisasjonen. Improvisasjon er ikkje det same som å ”ta ting på hælen”. Den viktigaste føresetnaden for å improvisere på ein god måte er profesjonalitet – ein skal kunne det ein held på med. For å få til god improvisasjon i organisasjonen, som i jazzen, er det viktig med ein klar struktur og eit rammeverk som alle kjenner, og som ein kan improvisere innanfor. Vidare er gjensidig tillit viktig, slik at ein er trygg på det sikkerheitsnettet dei andre i gruppa utgjer når ein improviserer. For at improvisasjonen skal gje meirverdi må den også vere fundert på faglegheit og ikkje minst på arbeidsglede. Alt dette bidreg til at vi spelar kvarandre gode og at vi kan handtere nye utfordringar på ein god og effektiv måte.
Arbeidsmiljøundersøkingar i NVE syner at vi har god indre trivsel i organisasjonen. Vi har også solid fagleg kompetanse innanfor våre område, og vi arbeidar innanfor eit veldefinert fagleg, organisatorisk og juridisk rammeverk. Utfordringa er å ha den nødvendige tilliten til kvarandre, vere nysgjerrige og samstundes unngå moralisering. Klarer vi dette har vi ein god basis for meir improvisasjon i NVE, både internt og i forhold til eksterne samarbeidspartar.

Med venleg helsing Agnar Aas